<%@ Language=VBScript %> Naturservice
 
Rune Holen
6788 Olden
Tel: (+47) 97 59 51 02
post@naturservice.no

Naturtilrettelegging

Tilrettelegging i natur kan ha to innfallsvinklar. Tilrettelegging for å ta vare på eit natur- og kulturmiljø, eller tilrettelegging for å stimulere til bruk av naturkvalitetane.

Å ta vare på

natur- og kulturmiljøet og kvalitetane i desse opplevingane er sentralt i arbeidet med naturvennlig tilrettelegging. Mange søkjer ut i naturen og brukar norsk natur til rekreasjon, trening, jakt, avkopling osv. Uavhengig av grunn kan det enkelte stadar vere naudsynt med skånsam tilrettelegging i dei områda som vert mest nytta. Dersom ein skal ivareta dei mest nytta natur- og kulturmiljøa i framtida, bør ein sjå på moglege tiltak som kan forhindre øydelegging av desse verdifulle miljøa.

Å stimulere

Kanopadling på Lodalsvatnet til bruk av naturen gjennom bærekraftig tilrettelegging, er eit verktøy nytta av til dømes kommunar, forvaltingsorgan eller reiselivsnæring. Gjennom stimulering ynskjer ein fyrst å fremst at folk skal bruke naturen. Med enkle tiltak og verkemiddel kan ein gjere mange typar naturmiljø tilgjengelege for allmennheita.

Naturservice kan:

  • Planlegge og utføre tilretteleggingstiltak
  • Stille med tilretteleggingstema for større prosjekt
  • Etablere turstiar, merke, utføre vedlikehald og oppsyn på turstiar
  • Utvikle informasjonskart, informasjonspunkt, vegleiings- og opplæringstenester
  • Årleg ettersyn av naturområde
  • Offentleg saksgang og søknadsprosedyrar
Web: Sætre Data - 2008